Så langt har det ikkje meldt seg eit einaste vitne til valdsepisoden. Politiet ber no folk som kan ha sett noko om å melde seg.

— Mannen hadde hevelsar i fjeset. Politipatruljen som kom over han, er sikre på at han har vore utsett for vald, fortel operasjonsleiar Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen, som er frå Førde, var forkommen og rusa, og greidde der og då ikkje å gjere greie for kva som hadde hendt. 32-åringen blei innlagt på Førde sentralsjukehus, og skal avhøyrast seinare.