Sjukehuset opplyser i 20.30-tida at mannen har låg kroppstemperatur. Tilstanden er alvorleg, men stabil, og han er under intensivbehandling.

— Mannen vart funnen i sjøen av luftambulansen frå Førde, seier operasjonsleiar Kjell-Tore Aarnæs til bt.no.

Det var like før klokka 16.30 i ettermiddag politiet fekk melding om seglbåtulukka på Byrknesøy. Båten vart funnen i fjæra, medan mannen, som etter det politiet kjenner til var åleine om bord, altså låg i sjøen.

— Mannen er nedkjølt. Me veit førebels ikkje noko om årsaka til ulukka, seier Aarnæs.