Ein tilfeldig forbipasserande oppdaga mannen kl 13 tida i dag. Mannen blei funnen i ei elv på Skare i Odda ved Øyna.

– Vi reknar med at mannen er i 60-åra, men vi har ikkje klart å identifisere han enno, sa operasjonsleiar Asbjørn Andersen i Hordaland politidistrikt i ettermiddag.

Politiet ba først publikum om hjelp til å identifisere mannen. Ut på kvelden hadde politiet lukkast i å identifisere mannen, og varsling av pårørande pågår.

Politiet har ikkje mistanke om at noko kriminelt ligg bak dødsfallet.

Den omkomne er tatt hand om, og vil obdusert for å finne dødsårsaka.