Mannen frå Ytre Sogn vart meld til politiet av jentas foreldre førre helg då brotsverket skal ha skjedd.

– Vi held på med etterforsking. Mannen vart varetektsfengsla for ei veke torsdag 14. august. Det var i samsvar med aktors forslag, seier lensmann i Høyanger, Olav Hellebø.

Jenta er under 16 år, og er ikkje i slekt med mannen som no er sikta.

Det er førebels ikkje teke stilling til om mannen skal framstillast for fengsling på nytt. Aktor i saka, politiadvokat Sissel Kleiven, vil ikkje uttale seg i saka.

– Rettsavgjerda er ikkje offentleg, og eg ønskjer ikkje å kommentere den med tanke på fornærma og omsynet til etterforskinga, seier Kleiven.