Ulukka skjedde under arbeid i sentrum på Nordfjordeid. Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 15.00.

– Våre opplysningar går ut på at mannen har fått ein større stein over seg, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt. Det er uklart kor store skader mannen har pådrege seg.

Politi, lege og ambulanse var på staden, og mannen vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse. Han er sidan blitt overført til Haukeland universitetssjukehus.

Tilstanden til mannen var alvorleg, men stabil då han vart overført til Haukeland, opplyser Førde sentralsjukehus.

Torsdag morgon var tilstanden til mannen framleis alvorleg, men stabil, opplyser Haukeland. 60-åringen skal no opererast ved Haukeland Universitetssjukehus.

LESERBILDE