Uhellet hende då ein butikk skulle demonstrere årets fyrverkeri.

– Vi skulle teste eit nytt produkt, seier dagleg leiar ved Måløy Glassmagasin, Amund Gotteberg, til NRK Sogn og Fjordane.

Fleire folk var onsdag kveld samla på kaia i Måløy for å sjå på den årlege fyrverkeridemonstrasjonen til glasmagasinet. Ein av dei tilsette i forretninga bøygde seg over eit batteri med kuler dei hadde prøvd å tenne. I det same small det. Ei kula trefte mannen rett under eine auget.

– Det som skjedde er svært beklageleg, seier Gotteberg,

Politiet etterforskar no hendinga.