— Ulykka skjedde då båten låg til kai ved Hydro sitt aluminiumsverk i Høyanger. Det er uvisst kva som var årsaka til ulykka, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen blei frakta til sjukehus med luftambulanse.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.30.