– Fredag ettermiddag fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om at ein mann skal ha prøvd å få seksuell kontakt med to mindreårige gutar ved Fjordstova i Skjolden i Luster kommune, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt Odd Arve Solvåg.

Politiet etterlyser ein mann, om lag 40 år, 175-180cm høg. Han hadde på seg ei mørk vindjakke eller genser, dongeribukser og lys caps.

Politiet ville ikkje gå ut med desse opplysingane tidlegare, og kan ikkje gi fleire opplysingar av omsyn til etterforskinga.

Om publikum har tips, små eller store, kan dei ringja politiet på 57 75 88 00.