EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Knut Hetlevik (56) vart sist sett fredag morgon klokka 7. Lørdag kveld vart han funnen drukna ved Rivenes, om lag to kilometer frå heimen.

— Han har falle i sjøen mellom huset sitt og staden der båten hans låg fortøya. Han har rutsja ned ei bratt skråning utanfor stien og ut i sjøen, seier lensmann Halvard Hauge på Osterøy.

Det er uvisst når ulykka hende. Hetlevik vart funnen av folk som var ute i båt og fekk sjå at noko låg inne i fjøra i 18-tida lørdag. Den omkomne etterlater seg kone og tre vaksne barn.