Natt til 2. mai hamna 48-åringen i eit basketak med to andre menn utanfor Hafslo pub og pizzeria i Sogn, skriv NRK Sogn og Fjordane. Gjestar på utestaden greip inn og fekk stoppa slåstkampen.

Like etter segna 48-åringen kom. Ambulansepersonell kom til staden, men livet stod ikkje til å redde.

No er to menn sikta for lekamsfornærming. Dei sikta er 18 og 29 år gamle.

Lege varsla politiet

Det var legen som rykka ut til staden på natta som neste morgon varsla politiet om slåstkampen i forkant av dødsfallet, fortel lensmann Asle Karoliussen i Luster til bt.no.

– Vi fekk ein telefon frå AMK laurdag morgon, med nokre opplysningar om kva som hadde skjedd. AMK blei varsla om at 48-åringen hadde fått eit illebefinnande. Etter at det var avklart at det medisinske personellet på staden ikkje klarte å berge livet hans, fekk dei litt seinare informasjon om at det hadde vore ein form for slåstkamp før mannen segna om, seier Karoliussen.

Politiet starta umiddelbart etterforsking då dei blei varslet, og laurdag ettermiddag blei de to sikta mennene pågripne.

Sikta for lekamsfornærming

– Ut frå avhør av vitne fekk vi stadfesta at desse to i større eller mindre grad hadde vore involvert i ei konflikt og eit slagsmål utanfor puben. Slåstinga blei raskt stoppa av andre som var til stades. Deretter fekk den avdøde eit illebefinnande som han til slutt døde av, seier Karoliussen.

Dei to pågripne sat laurdag kveld i avhøyr hos politiet. Dei er sikta for lekamssfornærming under særdeles skjerpande omstende.

– Det er ei førebels sikting, som byggjer på det vi har avklart rundt situasjonen med slagsmålet, seier Karoliussen.

Døde av hjartesvikt

Den førebelse obduksjonsrapporten frå Gades Institutt viser at den avdøde 48-åringen hadde dårleg hjarte, og at han truleg døde av hjartesvikt. Lensmannen håper den endelege obduksjonsrapporten vil kunne sei meir om det er ein samanheng mellom slåstkampen og dei akutte hjarteproblema 48-åringen fekk kort tid etter.

Han ønskjer ikkje å spekulere i om det kan vere grunnlag for å klandre dei sikta for at 48-åringen døde.

– Vi må avklare dei faktiske forhold, og så får juristar ta stilling til den biten, seier lensmannen.

Dei to sikta har etter det Karoliussen kjenner til ikkje fått advokatar til å representere seg.

Så langt er 17 vitne avhøyrt i saka.