— Eg var med og tok den siste kvalen, ja. Det var i 1960, fortel Halfdan Sangolt, no 68 år.

Med på det eventyret var óg Svein Inge Gunnarsen og Inger Drange. Dei var med og rodde, saman med mange andre sambygdingar frå Skogsvåg i Sotra-kommunen Sund.

Vågekvalen som blei teken den gongen, var den førebels siste, men langt frå den fyrste. På vågen i Skogsvåg har det vorte fanga kval i over tusen år. Så kallast då óg vågen Kvalvågen.

— I 1940 og i 1944 vart det óg fanga kval her. Då var det problem med å skaffe gevær, krig som det var, hugsar Halfdan Sangolt, som óg kan skryte av farbroren sin, Rasmus Martin Sangolt:

— Han skaut over 64 kvalar på om lag 28 år!

Kvardagsmat

Kvalkjøtet vart delt på alle bruka i Skogsvåg, og kvalkjøt var kvardagsmat, fortel Halfdan Sangolt vidare, og fortel óg om korleis sjøen heldt liv i det vesle samfunnet i gamle dagar:

— Det var det sild og makrell om sommaren, og torsk om vinteren. Havet gav grunnlag for heile busetninga her.

Og sjølvsagt kval:

— Då eg var gutunge åt vi kvalkjøt ein eller to gongar i veka, salta og tørka kjøt, slik det vart handsama før fryseria kom, fortel Halfdan Sangolt.

I gjennomsnitt skal det ha vorte fanga tre-fire kvalar kvart år sidan byrjinga på 1900-talet i Skogsvåg.

— Og difor er eg stolt av å få opne den fyrste kvalfestivalen i Skogsvåg, som har så rike kvalfangst-tradisjonar, seier kvalforskar Egil Øen, som har kome frå universitetet i Tromsø, ikkje berre for å opne, men også for å informere om ymse sider ved norsk kvalfangst.

Om pil og armbrøst, om gift og gevær. Om kval som måtte trøyttast ut, og som kjempa mot overmakta i dagesvis før den anda ut.

Heidrar Kleppevik

Dei mange hundre frammøtte på kvalfestivalen får ta del i eit rikt program, der alt frå Hope trebåtlag til Sund skule og Sund Blandakor gjer sitt for trivnaden.

Blandakoret hyller Sund-trubaduren Johannes Kleppevik som gjekk bort i fjor, i sitt program.

Ein av Johannes Kleppeviks sine trufaste støttespelarar, Robert Skjoldal, vert óg heidra under festivalen.

Den fyrste prisutdelinga frå Sparebank 1 Vest sitt nyoppretta fond for kystkulturelt arbeid, går nettopp til Robert Skjoldal for sin innsats for kystkulturen generelt. 25.000 kroner får han for innsatsen.

Nota er klar

Det er Sund kommune og Kystsogevekene 2002 som står bak Kvalfestivalen, med ordførar Albrigt Sangolt som ivrig primus motor:

— Det er viktig for oss her i kommunen å ta vare den rett og hevd vi har når det gjeld kvalfangst. Vi har nota klar dersom kvalen kjem inn, lovar han.

Kval finst det nemleg mykje av no, hevdar Albrigt Sangolt. Nyleg vart det observert dyr rett utanfor Skogsvåg.

— Men om vi hadde fått lov til å fanga han, er vel eit anna spørsmål. Kanskje ein av båtane frå Fedje kunne teke han på si kvote, filosoferar ordføraren.

Det gjeld likevel å vere førebudd, sler Albrigt Sangolt fast:

— Hevden er viktig. Og tidene kan endre seg.

POPULÆR MAT: Damene i Skogsvåg kvinne- og familielag jobba på spreng for å dekke den store etterspurnaden etter grilla kval og potetsalat.
FOTO: GIDSKE STARK