Politiet måtte bruke makt for å roe ein mann i 30-åra på eit venterom på Lærdalsøyri søndag kveld.

Av ukjende årsaker svartna det for mannen, og han gav seg til å knuse rutene inne på venterommet.

— Han kutta seg opp og blødde. Difor blei han køyrd til Lærdal sjukehus, seier Wenche Hope, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Seinare vart han frakta heim av politiet.

Mannen er heimehøyrande i distriktet.

Politiet blei varsla klokka 20.32.