— Mannen er frakta til Førde sentralsjukehus. Det er uklart kva som var årsaka til ulykka, seier operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Utforkøyringa skjedde ved Ulveskaret på vegen mellom Kvammen og Askvoll.

Sjukehuset opplyser til bt.no at tilstanden til mannen er alvorleg, men stabil.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 10.48.