KJERSTI MJØR

RAGNHILD HOV

Nordmenn lever lenger. Og endå lenger. Etter 2010 er det venta ein norsk «eldreboom», og fram til 2030 ein stor vekst i sjukdomsgrupper som kreft, slag, demens, hjartesvikt, diabetes, demens, lårhalsbrot, m.m.

Ifølgje prognosane blir veksten på mellom 40 og 60 prosent. Behovet for helsetenester kjem med andre ord til å eksplodere. Men kapasiteten på Haukeland Universitetssjukehus er alt sprengt.

— Eg ser med gru fram til å bli gammal i Bergen, dersom Helse Bergen ikkje alt no kjem i gang med arealutviding, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Anne Kverneland Bogsnes.

— Dette er vår aller største utfordring. Vi må byrje å bygge no!

Store byggeplanar

Prislappen for eit topp moderne helseføretak er på nær tre milliardar kroner i investeringsperioden 2005-2010.

Her er dei største byggeprosjekta til Helse Bergen, som er godkjent av styret:

n Barne- og ungdomssenter (700 mill.)

n Laboratoriebygg (700 mill.)

n Kreftbygg (450 mill.)

n Nevrosenter (70 mill.)

n Rokkeringsbygg (73 mill.)

n Sandviken sjukehus (270 mill.)

n Barne-og ungdomspsykiatrisk sjukehus (180 mill.)

n Distriktspsykiatrisk senter (80 mill.)

— Det er utruleg viktig for oss å få dette til. Men det er ikkje mogleg utan ekstraløyvingar, seier Kverneland Bogsnes.

Problemet er at Helse Bergen ikkje har eit øre til investeringar, og heller ikkje får lov til å ta opp lån.

Ifølgje Kverneland Bogsnes er utsiktene til meir pengar til investeringar over neste års statsbudsjett svært dårlege.

Eige aksjeselskap

Derfor har Helse Bergen oppretta eit eige aksjeselskap for å møte utfordringa.

— Får vi verken investeringsmidlar frå Helse Vest RHF, eller løyve til å ta opp lån, er det ei løysing å låne gjennom dette selskapet, og så leige lokale via det, seier direktøren til BT.

Kverneland Bogsnes viser til den næringspolitiske effekten av milliardinvesteringane.

— Utvidinga vil dekke folks behov for lokalsjukehus og spesialiserte tenester, og inneber nær 400 varige arbeidsplassar i Bergen, seier ho til BT.