Dei sju ungdommane frå Bergenskanten køyrde inn på flyplassen på Voss gjennom opne bommar natt til sundag. Politiet tok dei på fersken, etter tips frå publikum. Men skilt som forbyr bilkøyring på flystripa er tekne ned etter krav frå Statens vegvesen, fordi dei ikkje var i samsvar med skiltnormene. Og nye er ikkje komne opp.

Stor irritasjon

Bilspor på kryss, tvers og i ring i våt snø som frys til is i nattekulden, er sjølvsagt farleg for flytrafikken.

— Vi finn nok ein heimel som kan brukast, men det hadde vore mest naturleg å bruka skiltforskriftene, seier lensmannsbetjent Henning Hegbom ved Voss lensmannsdistrikt til avisa Hordaland.

I flymiljøet er det stor irritasjon over manglande skilt.

Hegbom avviser at førarkorta til dei sju «syndarane» vart kverrsett.

— Vi tok førarkorta for å kontrollera identiteten deira, seier Hegbom.

Opp til juristane

Etter avhøyra fekk dei førarkorta sine attende.

Kva slags lovbrot rånarane eventuelt skal straffeforfølgjast for, blir no opp til juristane i Hordaland politidistrikt.

Politifolka på Voss har ikkje grunn til å tru at bergensgjengen er gjengangarar på Bømoen. Dei er med andre ord opne for at meir lokale «heltar» kan ha vore på ferde under tidlegare tilfelle av råning på flystripa.