Ole Petter Knarvik (22) fra Sotra er komen vel gjennom dei første rundane i realityserien Dansefeber på TV-Noreg. Fleire sambygdingar har gjort det skarpt i konkurransen. Knarvik meiner det er synd at komande dansestjerner ikkje er prioriterte på Sotra.

— Det vert lett til at dei unge droppar treninga eller trekkjer inn til Bergen når dei ikkje har ein møteplass i nærmiljøet. Det var mangel på treningslokale den gongen vi byrja å dansa, men dei siste åra var det eit godt tilbod på Sartor. Det er synd at det no er attende til det gamle, seier Knarvik.

Må til Knarrevik

Dei hadde nemleg ingen parkett å svingja seg på, dei langt over 100 unge sotraværingane som skulle ta i ferd med danseleksjonar på nyåret. Husleigeavtalen med Sartor Storsenter gjekk ut i desember i fjor, og sidan har dei to laga Nest-Sotra Turn og Dansetreff stått utan faste lokale.

Dansetreff har no skaffa seg mellombels rom i ein gang på Liljevatnet skule. Turngruppa har fått låna eit og anna klasserom, men står framleis heilt utan lokale til to av dansepartia. Vel 30 streetjazzarar i alderen 10 til 18 år ventar enno på å få hiva seg rundt.

— Plassmangelen råkar dansarar som har vore aktive i fleire år. Det er fortvilande at vi ikkje kan gje dei eit tilbod, seier Elin Krüger, som er nestleiar i Nest-Sotra Turn.

Dansarane har fått lovnad om eit 75 kvadratmeter stort lokale på gamleskulen på Knarrevik. Det er berre helvta så stor tumleplass som dei har hatt tidlegare, og kan tidlegast takast i bruk i mars. I verste fall må dansarane venta til hausten før dei kan gå i gang på Knarrevik.

Prioriterer ballsporten

Dansegruppene har ført eit nomadetilvære rundt i Straume-området dei siste åra. Konkurransen om dei beste lokala er tøff, og det frivillige lagslivet har ikkje mykje å stilla opp med når næringslivet opnar lommebøkene. Gymsalar og kommunale hallar er i all hovudsak reserverte til dei store lagidrettane.

— Kommunen prioriterer handball og fotball. Men det er mange unge som ønskjer andre fritidstilbod, seier Halvard Måge, styremedlem i idrettslaget Dansetreff. Han er oppteken av at danselokalitetane bør liggja sentralt plassert på Sotra. Helst i nærleiken av Sartor Senter, der mykje ungdom ferdast og kollektivtilbodet er godt.

Ingen hus i sikte

Halvard Måge fortel at det er nyrekrutteringa og tilbodet til vaksne danseglade som i første omgang lir under plassmangelen. På sikt kan det minka på motivasjonen hos instruktørar og dansarar om tilhøva vert for kummerlege.

— Dans er god førebygging, og famnar breitt blant ungdom. Uttrykksforma har fått ein stadig meir framståande plass i skulen. Kommunen bør engasjera seg for å leggja til rette for dans også på fritida, meiner Måge.

Servicetorgsjef Lillian Torsvik i Fjell kommune har ikkje noko hus på hand til Nest-Sotra Turn og Dansetreff. Behovet for eit kulturhus vert drøfta i Kulturplanen for 2007 til 2010, men nokon byggjestart er ikkje tidfesta.

— Vi har prøvd å hjelpa dansarane med lokale på Knarrevik. Dei ønskjer noko meir sentralt og noko permanent. Vårt råd har vore at dei også leitar på den private marknaden, seier servicetorgsjefen, og legg til at dei førebels ikkje har teke imot noko formell førespurnad om støtte til husleige frå Nest og Dansetreff.

I LAUSE LUFTA: Ole Petter Knarvik deltok i ei hiphopframsyning i haust, og gjer det no bra i Dansefeber. Han tok sine første dansetrinn på Sotra, der det rike dansemiljøet no står huslaust. (Arkivfoto)

Trond Sørås