18.januar må styret for helseføretaket som er klemt mellom storebrørne Stavanger og Bergen, bli samde om upopulære kuttvedtak for over 50 millionar kroner. Administrasjonen si høgttenking om lønsfrys og sommarstengde sjukehus i Odda og på Stord har hausta heftige protestar. No har leiargruppa lagt om til ein ostehøvel-strategi med eit framlegg om å nedbemanna med 73 årsverk fordelt over heile føretaket og nedlegging av dagkirurgien i Sauda. Trass nedbemanninga håpar administrerande direktør Johannes Kolnes på auka produksjon og meirinntekt, og mindre leigeutgifter grunna fleire fast tilsette spesialistlegar.

Manglar pasientar

I 2006 eksploderte kostnadene nok ein gong i Helse Fonna. Helseføretaket har store problem med å nå budsjetterte mål for pasientbehandling, og slit med store ekstrautgifter til vikarar, overtid og innleige av spesialistpersonell.

– Særleg innanfor poliklinikkane har vi hatt problem. Vi vil framleis jobba mot primærlegar og pasientar for å sikra høg aktivitet på sjukehusa, seier styreleiar Magnus Skåden i Helse Fonna til Bergens Tidende.

Føretaket lir av pasientlekkasje til Helse Bergen frå særleg Tysnes og Hardangerkommunane, og hadde i 2006 over 5000 færre polikliniske konsultasjonar enn forventa.

Dobbel kostnad

I fjor brukte Helse Fonna over 33 millionar kroner på innleige av spesialistpersonell, i hovudsak legar. I 2005 var kostnaden 24 millionar. I 2006 mangla føretaket 10 – 12 spesialistlegar som måtte erstattast av innleige innan psykiatri, pediatri, røntgen og kirurgi. Ifølgje direktør Johannes Kolnes kostar det nesten dobbelt så mykje å leiga legar som å ha fast tilsette.

Helse Fonna har gått med underskot i alle år utanom startåret 2002 (pluss 3,4 mill.). For 2006 er underskotet på 17 millionar.

1,3 milliardar i lønn

Av Helse Fonna si totalramme på 1,8 milliardar kroner i 2007 går over 1,3 milliardar til lønn. Føretaket sette i verk tiltak for å redusera behovet for å kjøpa spesialisttenester, blant anna ein såkalla vikarpool til meir effektiv fordeling av leigepersonell. Direktør Kolnes seier han ønskjer seg ein bemanningsstrategi for heile Helse Vest for betre utnytting av spesialistlegane. Og det vert sett fokus på innleigeproblematikken ved sjukehusa, etter eit meirforbruk på totalt 108 millionar kroner i 2005.

I tillegg til å få betre kontroll med stillingsheimlar og innleigeutgifter, er sjukefråveret i Helse Fonna redusert frå over åtte prosent i 2004 til under sju i 2006. Kvar prosentnedgang utgjer ei innsparing på åtte millionar kroner.

– Effektivisera

– I tillegg til å auka produksjonen, må vi effektivisera sjukehusdrifta, seier styreleiar Magnus Skåden.

– Dei vanlege sjukdommane, ikkje dei høgt spesialiserte, blir satsingsområdet til Helse Fonna. Og Stord sjukehus blir det mest moderne i heile føretaket. Det har aldri vore på tale å leggja ned eller overføra det til Helse Bergen, seier Skåden.

I år blir ein sengepost på Stord sjukehus stengt og oppgradert for 25 millionar kroner. Det gir ei innsparing på ti årsverk og 4,5 millionar kroner i 2007.