Bevisføringa i drapssaka vart avslutta i går, da mellom andre den lokale etterforskingsleiaren, lensmann Haavard Stensvand, forklarte seg for retten.

Stensvand opplyste at det gjekk lang tid før politiet sjekka dei nye opplysningane som den drapstiltalte gav i sitt første avhøyr etter utleveringa frå Nederland.

Venta med undersøking

Allereie under det første avhøyret på norsk jord 13. januar fekk Stensvand høyre tiltaltes forklaring om at han og Hedda møtte to ungdommar da dei returnerte til skuleområdet drapsnatta.

Tiltaltes versjon er at han kvelte Hedda i sjalusi over kva ho kunne ha gjort saman med desse gutane.

Men politiet gjekk ingen nye rundar for å finne vitne som kunne seie noko om denne historia. Ikkje før tett innpå saka skulle starte i retten.

— Vi starta ikkje etterforsking umiddelbart på grunnlag av forklaringa. Vi meinte og trudde vi hadde god nok oversikt, og festa heller ikkje lit til det han forklarte, sa lensmannen i retten.

— Men seinare vart det bestemt at vi skulle gjere nokre undersøkingar.

Ingenting nytt

Dette skjedde 11. april, berre 14 dagar før straffesaka starta i Sogn tingrett. Da samla politiet alle folkehøgskuleelevane og lærarane i plenum, orienterte om tiltaltes forklaring og stilte fem konkrete spørsmål ut frå denne.

— Vi fekk ingen nye tilbakemeldingar, sa Stensvand.

Politiet var dermed like kloke som tidlegare: Ingen vitne har sett Hedda eller tiltalte kome til skuleområdet, ingen har sett dei utanfor eller inne på internatet, ingen har sett tiltalte forlate området og ingen har sett han der i månadene før drapet.

— Gjennom etterforskinga meiner vi å ha vore i kontakt med alle som er tilknytt skulen, dei fleste fleire gonger.

Siste vitnet som faktisk såg Hedda og tiltalte på veg mot skuleområdet, var ein somalisk mann som såg dei ved ungdomshuset Solhov, nokre hundre meter unna.

- Hol i kronologien

Eit anna sentralt tema i avhøyra var Heddas tilknyting til mørkhuda personar. Tiltalte har forklart at han trefte Hedda kort etter at skuleåret starta. Heller ikkje på dette punktet har politiet klart å få stadfesta tiltaltes opplysningar.

— For oss er det mest truleg at kontakten dei imellom starta seinare, sa etterforskingsleiaren i retten.

Litt seinare vitna ei barndomsvenninne og medelev av Hedda, som hadde sett ho og tiltalte danse på Meieriet ei helg kort etter skulestart i fjor haust.

Stensvand opplyste at dei folkehøgskuleelevane som var på utestaden Meieriet drapsnatta, kom heim i samla flokk klokka 02.08. Politiet har ingen vitne som kom mellom stengetid 01.30 og 02.08.

— Det er nok ein del hol i kronologien som vi gjerne skulle ha tetta. Men vi har klart det så langt vi meiner det er mogeleg, seier aktor og statsadvokat Bjørn Soknes til Bergens Tidende.

Rettssaka i Sogndal blir avslutta i dag, då det blir forklaring frå dei psykiatrisk sakkunnige samt prosedyrer.