Reforma skal finansierast med 80 prosent statlege midlar, men delen statlege midlar er no på 77 prosent, melder NRK.

— Det er sannsynlegvis desse pengane som gjer at svært mange barnehagar manglar pengar, seier Øystein Djupedal (SV).

Han krev at resten blir tilført i revidert budsjett. Barne- og familieminister Laila Dåvøy seier at pengane kjem.

— Dette er tøys frå ende til annan. Vi følgjer opp barnehageforliket fullt ut. Utrekningane bygger på førebelse tal, dei endelege tala får vi først i juni, seier Laila Dåvøy til NRK.