TERJE ULVEDAL

Dette gjeld personar som anten er skildra av vitne, eller er blitt fotograferte av overvakingskamera i sentrumsområdet.

— Det finst ein del personar som vi så langt ikkje har greidd å identifisere med namn. Desse er sjølvsagt interessante i etterforskinga, stadfestar politiinspektør Ronny Iden.

Han vil ikkje gå ut med kor mange personar det dreiar seg om, bortsett frå å seie at «det ikkje er så mange».

— Men det er fleire personar enn dei vi har etterlyst, seier Iden.

Etterlyste

I alt fire personar er etterlyste, utan at dei har meldt seg. Ei lyshåra kvinne er sett både ved sjukepleiehøgskulen og i Angedalsvegen. Truleg er dette Anne Slåtten. Ei mørkt kledd kvinne er observert av to vitne ved Førdehuset rundt drapstidspunktet. Eit anna vitne har høyrt ein syklist bråbremse ved Tåene tidleg søndag morgon. Tåene ligg like ved drapsstaden. Og heller ikkje mannen i svart hette-genser som blei sett ved åstaden morgonen etter drapet har tatt kontakt. Denne observasjonen blei gjort same dagen som Anne Slåtten blei funnen.

— Vi arbeider framleis med å skaffe oss full oversikt over alle som var i sentrumsområdet. Oppmodinga om at dei som var i sentrum tek kontakt med politiet, står framleis ved lag, seier Iden.

Snakkar med hotellgjester

Politiet er i full gang med å spore opp gjester som budde på overnattingsstadene i Førde første helga i juni. I alt dreiar det seg om 900 personar, mange av dei utanlandske turistar.

— Vi har namna på alle som heldt til på overnattingsstadene i Førde denne helga. I første omgang konsentrerer vi oss om å snakke med dei norske gjestene, opplyser Iden.

— Får politiet framleis inn nye tips?

— Eitt og anna dukkar opp, men det er klart at det ikkje er den store tipsflaumen lenger.

— Står etterforskinga i stampe, Iden?

— Nei, den gjer ikkje det i den forstand at vi er i villreie om kva vi skal gjere. Vi held fram med det omfattande kartleggingsarbeidet som skal gje oss eit totalbilde av det som skjedde i sentrumsområdet drapsmorgonen. Men vi veit jo ikkje kven gjerningsmannen er.

Sjukepleiestudent Anne Slåtten blei funne drepen i eit lite skogholt klokka 12.20 måndag 6. juni. Her blei ho tatt livet av rett før klokka 07.30 søndag morgon. Sjukepleiestudenten blei drepen på veg til jobb på Førde helsetun der ho skulle på dagvakt.