Det har vore ein lang veg — mot ingen ting.

Etter fredsslutninga i 2006 tok borgarkrigen i kongedømet endeleg slutt. I det følgjande valet vart dei tidlegare opprørarane i maoistpartiet størst, og kongen frå hindudynastiet som har regjert Nepal i fleire hundreår vart tvungen av trona.

Maoistpartiet lanserte ein stad mellom 10 og 14 mogelige delstatar. Dei fleste av statane skulle namngjevas etter det største folkeslaget som heldt til i regionen.

«Eit nytt Afghanistan»

Mange nepalarar og opposisjonspolitikarar vart skremde av planane for ei slik «etnisk føderalisme». - Maoistane vil snu nepalarar mot kvarandre og gjere dette landet til eit nytt Afghanistan, sa Sushi Korala, leiaren av Kongresspartiet.

Som følgje av steile frontar tok 4-årsperioden til grunnlovsforsamlinga, som også var det fungerande parlamentet, slutt i mai 2012 utan at ho hadde vedteke ei ny grunnlov. Den dåverande maoistiske statsministaren annonserte folkerøysting til ny forsamling same haust, men spliden mellom partia var for stor og valet utsett på ubestemt tid.

Nederlag for maoistane

Sist mars vart den partipolitisk uavhengige høgsterettsdommaren Khil Raj Rhegmi utnemnt som statsministar. Han utlyste straks nyval 19. november med dei fire største politiske partia med på laget. Resultata syner eit knusande nederlag for maoistrøyrsla., som trugar med å trekke seg ut av parlamentet.

Medan usikkerheita rår, rustar partia seg til ny kamp om Nepals framtid.