• Skal Sogn og Fjordane få dei velutdanna jentene tilbake, må det skapast attraktive arbeidsplassar.

Anne Gina Hestetun, årdøl og byråd i Bergen. Eitt av fleire døme på kvinner frå Sogn og Fjordane som har «slått seg fram».

— Vi vaks opp i ei tid då det var veldig fokus på lik rett til utdanning. Ungdommen måtte komme seg ut og få utdanning. Men parallellt skjedde det ei nedtrapping av utdanningsbaserte arbeidsplassar i bygde-Norge. Mi eiga heimbygd, Øvre Årdal, er eit døme på det. Og det held fram. No er Hydro i gang med ein ny runde der dei kunnskapsbaserte arbeidsplassane blir flytta, konkluderer Hestetun.

Sogn og Fjordane manglar arbeidsplassar som er attraktive. Og viss kremjobben dukkar opp i Årdal, Førde eller Stryn, får partnaren neppe ein stilling som svarar til hans kvalifikasjonar.

— Men kan det ikkje vere slik at små og oversiktlege forholda, som blir trekte fram som det positive med fylket, rett og slett kan bli for små?

— For enkelte, ja. Men for velutdanna jenter som har vakse opp i bygdene, trur eg det er langt viktigare at det er mangel på jobbar som er utfordrande nok.

Anne Gina Hestetun meiner Sogn og Fjordane har føremoner som fylket bør dra nytte av.

— IT-samfunnet gjer at det totalt unødvendig å sitje i Oslo-gryta. Kompetanse er billegare i distrikta. Men skal slike arbeidsplassar skapast må det til ei offensiv haldning.

— Tek du den jobben?

— Nei, akkurat den jobben trur eg andre må gjere. Men eg ville ikkje hatt noko mot å flytte tilbake til bygde-Norge, dersom eg hadde funne ein utfordrande og attraktiv jobb.