— Hallo, det er Fusa Taxisentral!

Vakttelefonen er med i drosjen. I førarsetet har Reidun Hope, medeigar i taxisentralen, full kontroll.

Akkurat no blir ein pasient levert på Haukeland Universitetssjukehus før retur til Eikelandsosen. Om få timar er det bestilt transport av ein ny pasient til Bergen.

Pasientreiser utgjer minst 70 prosent av inntektene til Fusa taxisentral.

— At Helse Bergen har forkasta pristilbodet vårt, er uforståeleg, seier Hope.

— Det er stort sett pasientkøyring vi lever av. Utan kunne vi like godt pakke saman heile gjengen, men vi kan ikkje køyre gratis.

Avlyser anbodet

Fusa Taxisentral er ein av 13 drosjesentralar i distriktet som har fått brev frå Helse Bergen om at priskonkurransen om pasienttransport er avlyst. Årsaka er at Helse Bergen meiner at drosjeselskapa vil ha urimeleg høgt betalt for tenestene.

— Slik vi ser det, er ikkje prisane akseptable, sier Eivind Hansen, økonomidirektør i Helse Bergen.

Dyraste i Helse Vest

Det er langt dyrare å sende pasientar med taxi i Helse Vest enn elles i landet, konkluderer Riksrevisjonen i ein rapport frå 2010:

Helse Vest betalar 12,42 kroner per kilometer og ligg 29 prosent over landsgjennomsnittet.

Mellom 2007-2009 auka utgiftene til pasienttransport mest i Helse Vest og fire gonger meir enn i Helse Nord.

I august vart ein ny anbodskonkurranse lyst ut blant drosjesentralar utanfor Bergen og omegn. I dokumentet tok Helse Bergen atterhald om at konkurransen kunne bli avlyst, dersom prisane var uakseptable. Dette hadde også dei aktuelle aktørane fått klar beskjed om i forkant.

Prisar i taket

Likevel gjekk prisane i anbodsrunden i taket. I snitt stig kilometerprisen med 115 prosent samanlikna med dagens avtale. Minsteprisen aukar med 414 prosent.

Helse Bergen har kalkulert med årlege 35 millionar kroner til pasientreiser i distriktet. Det nye pristilbodet ville innebere 10 millionar kroner ekstra i utgifter i året.

— Dette er pengar vi må ta frå sjukehusdrifta. Tilbodet er verken tilfredsstillande eller forståeleg for vår del, seier Hansen.

Seksdobla minstepris

Her er tre konkrete eksempel frå nokre anbod:

Minsteprisen per tur stig frå 150 til 900 kroner

Kilometertaksten innan kommunen går opp frå 13 til 28 kroner

Ekstratillegg for å køyre rullestolbrukar aukar frå 0 til 637 kroner

— Ei formidabel prisstiging, meiner økonomidirektøren i Helse Bergen.

Tre timar utan betaling

Vaksdal er ein langstrakt kommune. Sjåførane i Dale Taxiformidling må ofte køyre langt for å hente pasientar, men kan ikkje skru på taksameteret før pasienten er på plass i bilen.

— Skal vi hente ein pasient på Gullbrå, må vi først køyre sju mil frå Dalekvam. Ein vinterdag kan turen ta halvannan time. Skal pasienten i tillegg returnerast, kan det bli nær tre timar køyring vi ikkje får betalt for. Vi kan ikkje leve av slikt, seier drosjeeigar Reidar Langeland.

Han meiner priskonkurransen er tilpassa tettbygde strok som Arna, Åsane og Fana, der det er drosjar overalt og kort tilkøyringstid.

— Vi har mykje lenger hentetid. Derfor må vi ta høgare kilometerpris.

Invitasjon til dialog

Helse Bergen vil invitere drosjeselskapa til nye forhandlingar.

— Vi ønskjer ein god dialog. Er det ikkje grunnlag for å inngå nye avtalar, må vi vurdere å løyse transportbehovet på andre måtar, seier Hansen.

Kva alternativ Helse Bergen eventuelt har, vil ikkje han gå inn på.

— Men vi er heilt avhengige av ei fornuftig prising på tenestene vi hentar inn.

Synspunkt på saka? Sei meininga di.