HILDE KRISTIN STRAND

FRED IVAR U. KLEMETSEN (foto)

— Erik Bye var ein flott mann. Han betydde mykje for alle, og sto for verdiar som ikkje er verdsette lenger, seier Christian Jacobsen. Saman med Hanna Kristensen hadde han teke turen til Vågen måndag kveld.

Redningsskøyta som ber namnet til kulturpersonen låg til kai i to timar. Då BT var på staden i 20-tida var det nesten 20 menneske som venta på å få skriva si siste helsing.

— Eg er sjømann og har jobba på sjøen nesten heile livet. Erik Bye tenkte på sjømennene, difor er eg her, seier Tom Moldskred. Johan A. Hansen hadde møtt fram for å skriva på vegne av svigermor til bror sin. Ho heiter Agnes Jensen og er gudmor til båten.

— Det er betre oppslutnad her i Bergen enn i Måløy og Ålesund, seier skipper Ingvar Austvik. Redningsskøyta starta frå Svolvær torsdag. Til no har 1100 menneske skrive namnet sitt i protokollen. Førstkomande torsdag kjem ho til Oslo.

— For dei som ikkje har høve til å skriva i vår protokoll har me lagt ut protokollar på Redningsselskapet sine distriktskontor og om bord på nokre av redningsskøytene, seier Austvik.

<b>KVITE LILJER:</b> Blomar og eit bilete av Eirk Bye var plassert saman med kondolanseprotokollen - Erik Bya var NRK, seier Christian Jacobsen. Han var ein av dei som signerte.
FRED IVAR UTSI KLEMETSEN