22-åringen som var passasjer i den andre bilen har forklart til svensk politi at det var den omkomne 26-åringen som inviterte henne og kjærasten og den 19 år gamle kvinna som no ligg hardt skadd ut på tur. 26-åringen skal ha sagt at han hadde pengar og at han ville betale heile ferieturen.

Då politiet gjekk igjennom bilane etter dødsulykka natt til måndag, fann dei meir enn ti tusen norske kroner i kontantar.

— Det var eit beløp stort nok til å betale ei feriereise for fire personar. Det var fleire tusen kroner - eit femsifra beløp, seier informasjonssjef Christer Harplinger hos politiet i Halland, som av etterforskingshensyn ikkje vil oppgje det nøyaktige beløpet.

Det er også på det reine at 22-åringen og den 26 år gamle kjærasten har forklart seg motstridande om kor lenge han har hatt bilen. Medan ho har sagt at dei har hatt bilen i ein månads tid, og at han blant anna var brukt på ein ferietur til Danmark tidlegare i sommar, har kjærasten hevda i avhøyr at det er kortare tid sidan han fekk bilen.