I eit heilt år skal nær seks tonn tunge tromlar kryssa Nordsjøen i en jamn straum. Når alt er levert, vil 950 tromlar med 6430 tonn ståltråd vera på plass i Hardanger.

Der skal tråden «spinnast» til to solide berekablar som skal halda hengebrua oppe.

Kraftige dimensjonar

Faguttrykket spinning er langt frå presist. Dei 5,3 millimeter tjukke trådane skal ikkje tvinnast, men liggja tett i tett attmed kvarandre (parallelt), 528 lengder bunta saman.

— 19 slike buntar utgjer ein berekabel, som etter komprimering og påkledning får ein diameter på 60 centimeter, fortel sjefsingeniør Asbjørn Valen i Statens vegvesen.

— Kvifor samanbunting når alt likevel skal pressast saman?

— Det gjer vi for å ha kontroll med prosessen, slik at vi endar opp med eit sirkelrundt tverrsnitt heile vegen, forklarer Valen.

Rusthindring

Talet 19 gir ein lett handterleg geometri. Ein bunt i midten, seks i indre ring og 12 i ytre. Det gir god styring undervegs.

— Men same kor hardt ein komprimerer, kan det vel aldri bli ei kompakt masse?

— Nei, det skal det heller ikkje vera. Mellomromma mellom trådane dannar tynne langsgåande kanalar som utgjer 18 prosent av kabelen. Kanalane skal innehalda tørr luft for hindrar at stålet rustar.

— Korleis vert utsida verna mot vêr og vind?

— Først skal det benslast. Ein litt tynnare ståltråd skal viklast rundt kabelen i heile sin lengde. Utanpå dette kjem to lag med plastduk, nærast som ein tjukk tape.

Vinsj og handarbeid

Under «spinninga» vert ståltrådane sendt over fjorden med ein taubane med spesiallaga løpehjul, driven av ein vinsj. På Trekantsambandet i Sunnhordland, Storebelt i Danmark, Höga Kusten i Sverige og ei bru i USA brukte Hordaland Mek. Verkstad ein Vossavinsj til arbeidet. Løpehjulet hadde kapasitet til fire trådar, slik at åtte lengder blir lagt for kvar tur over fjorden. På catwalken står mannskapet jamt fordelt. Deira oppgåve er å ta ned trådane for hand og legga dei på plass i bunten.

Berekablane skal forankrast i fjell på begge sider av fjorden, får lågaste punkt midt på brua, dei høgaste i toppen av dei høge tårna som er under støyping 1310 meter frå kvarandre. Brutårnet på Bu (Ullensvang) blir 201,5 meter høgt, motstykket i Vallavik (Ulvik herad) ni meter kortare for den naturlege hylla for fundamentet ligg høgre i terrenget. Toppunkta blir jamnhøge.

Stål også i køyrebaner

Det er den danske stålentreprenøren MT Højgaard AS som har engasjert Bridon Ltd. i Doncaster som underleverandør av ståltråd. Frå før er det kjent at stålkassene til sjølve køyrevegen skal sveisast i seksjonar i Shanghai i Kina. I Hardanger skal dei heisast opp, festast i 130 hengestenger frå berekabelen, og sveisast saman.

Samansveist stålkasse har plass til to køyrebaner med 4,5 meters breidde, og eit gang- og sykkelfelt på 3,25 meter. Dei same måla gjeld sjølvsagt også for viaduktene (bru utan vatn under) i dei korte spenna mellom brutårn og tunnelmunning på kvar side av fjorden.

Arne Hofseth