Andre vegen brukte dagtoget 42 minutt lengre tid, grunna stigingstilhøva mellom Voss (52 moh) og Taugevann (1301 moh).

I mai 1912 var køyretida vestover komen ned i nøyaktig 12 timar med nattoget. 37 minutt lengre tid innover mot Oslo.

Kvantespranget kom rett etter krigen. 16. juni 1946 vart det sett inn eit «lyntog» som kutta reisetida austover med over fire timar, og sette damplokomotiva i skuggen. Toget var berre til sommarbruk, eit dieselelektrisk motorvognsett med trekkraft nok til å køyra like raskt i begge retningar.

Sommaren 1951 braut «Bergensekspressen» åttetimarsgrensa med ti minutts margin vestover, men brukte 20 minutt meir austover. To år seinare vart det kutta ytterlegare ti minutt for ekspresstoga om sommaren, medan dagtoget framleis somla i godt over 11 timar. Elektrifiseringa av Vossebanen gav 20 minutts tidsvinst for vestgåande dagtog frå 2. juli 1954, sjølv om det vart bytta lokomotiv på Voss.

Sommaren 1964 stod tunnelane gjennom Ulriken og Arnanipa ferdig, og omvegane om Nesttun og Garnes kunne kuttast. 7. desember dette året var elektrifiseringa ferdig heilt til Oslo, og dagtoget kom ned i 9 timar og 20 minutt, med 35 tilleggsminutt austover. Sommartoget 1966 brukte åtte og ein halv time (5 minutt lengre austover), same tid som motorvognsettet 20 år tidlegare. Men ti år seinare, i 1976, sletta «Henrik» og «Pernille» alle tidlegare rekordar med sine kraftige lokomotiv. Dei fyljande åra vart det kutta smått om senn på køyretida, men så vart køyrelengda auka ved at toga køyrde via Randsfjordbanen og Drammen i staden for Roa og Gjøvikbanen. I 1999 var køyretida berre eit par minutt kortare enn i 1976. I 2003 er køyretida redusert med ytterlegare eit kvarter, men morgonekspressane aukar att med rundt 20 minutt til sommaren, og det går saktare enn i 1976. Signaturtoga om ettermiddagen vil halda same farten som no; 6 timar og 25 minutt vestover, 6 timar og 32 minutt for austgåande.