Ved utgangen av august er 209 heiltidspermitterte, i tillegg er 79 deltidspermitterte. Størst arbeidsløyse er det i Stord, der 187 kvinner og 281 menn er utan arbeid ved utgangen av august.

Det utgjer 5,4 prosent av arbeidsstyrken, og er langt over snittet for resten av regionen. Færrast ledige er det i Ølen med 1,4 prosent utan arbeid, størst auke frå månaden før har skjedd i Kvinnherad der det no er 180 ledige mot 152 for ein månad sidan. Samla for Sunnhordland er 921 personar utan arbeid, tilsvarande 3,4 prosent av arbeidsstyrken. 110 personar er for tida på ulike arbeidsmarkedstiltak.