— At så mange søkjer, kjem fullstendig overraskande. Dette er langt meir enn nokon hadde spådd. Det er nok ein konsekvens av at dei høge straumprisane verkeleg har fått opp auga på folk for at det finst alternative måtar å varme opp huset på, seier informasjonsdirektør Siv Anniken Røv i ENOVA.

Selskapet er eit statsføretak etablert for å fremje miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon i Norge. ENOVA har kontor i Trondheim, og handsamar søknadene om tilskot.

50.000?

Det var den 25. februar at regjeringa vedtok ordninga om tilskot til el-sparetiltak. Dei første signala om at søknadstalet kunne sprengje alle grenser, kom på sekundet.

— Dei første minutta etter at vedtaket var gjort, rann søknadene inn over internett. Det verka nesten som folk sat heime og venta på å trykke på knappen, fortel Røv.

Dei siste dagane har søkjartalet stabilisert seg på mellom 800 og 900. Så langt er det ikkje blitt brukt ei einaste annonsekrone på å gjere ordninga kjent.

— Dei næraste dagane vil vi marknadsføre tiltaket gjennom annonsar i alle dei store avisene. Vi er spente på korleis dette vil slå ut, men reknar med å få ein ny topp. Søknadsfristen går ut 15. mars, og slik det ser ut no, trur vi i alle fall på kring 50.000 søknader totalt, seier informasjonsdirektøren.

Varmepumpe på topp

Av dei meir enn 31.000 søknadene, gjeld rundt 27.648 installering av varmepumpe. I tillegg til varmepumper kan private hushald også få tilskot til pelletskaminar og varmestyringssystem.

Maksimalt kan det bli gitt tilskot på inntil 20 prosent av investeringskostnadene. Likevel med ei avgrensing oppover, som for ei varmepumpe sin del er på 5000 kroner.

Frå Hordaland har det komme inn 3719 søknader om å få installere varmepumpe. Frå Sogn og Fjordane er søkjartalet 944.

Regjeringa har så langt sett av 50 millionar kroner til støtteordninga, men det når ikkje langt med ein slik søknadsmasse.

— Vi har pengar til i underkant av 10.000 søkjarar. Men Stortinget har bedt regjeringa komme tilbake med meir pengar når det er klart kor stor søknaden blir, fortel informasjonsdirektøren i ENOVA.

Reelle søknader

Dersom søknadstalet endar på rundt 50.000, vil regjeringa måtte legge ytterlegare 200 millionar kroner på bordet for å oppfylle lovnadene.

Røv legg ikkje skjul på at den enorme søknadsbunken vil føre til lang sakshandsamingstid.

— Vi handsamar søknadene etter tur.

— Er alle søknadene reelle?

— Vi reknar vel med å måtte avvise ein del. Men vi er slett ikkje sikre på at det blir så veldig mange. Så langt har vi handsama nær 3000 søknader. Ikkje ein einaste er avvist.