Forskarane meiner at biene står for minst 30 prosent av norsk fruktproduksjon, og enda meir på morellane. Så biane er svært viktige for å halda fruktproduksjonen på stabilt nivå i Hardanger. Og for å få bier og befruktning, må Hardanger ha birøktarar.

– Vi prøvde å få til eit nybyrjarkurs i Kinsarvik, godt tilpassa ferjetidene, men måtte avlysa på grunn av manglande påmelding, fortel Endre Bjotveit i Norsk Fruktrådgiving Hardanger.

Han er også leiar i Hardanger birøktarlag, og har bikubar tett innpå morelltrea på Bjotveit ved Ringøy.

– Her på austsida av Sørfjorden, er vi faktisk betre stilt med birøktarar enn andre stader i Ullensvang, men veteranane dreg på åra, og vi skulle så gjerne ha rekruttert yngre utøvarar, seier Bjotveit.

Leigesoldatar

På vestsida av fjorden og på Oksenhalvøya har fruktbøndene lenge måtta leiga inn bikubar frå kystkommunane, enkelte heilt frå Haugesundskanten.

– Smittefaren for tresjukdomen pærebrann har ført til restriksjonar på flytting av bikubar frå område med pærebrann og inn til fruktområdet i Hardanger, fortel Endre Bjotveit.

Kubene må anten flyttast før 1. mai eller etter 25. september. Mellom desse datoane er det smittefare. Birøktarane har i stor grad greidd å tilpassa seg ordninga.

Flyttesjau

Det er sjølvsagt den første datoen som er aktuell for innleigde kuber. Birøktarar på kysten køyrer til Hardanger og plasserer bikubane sine rundt om i fruktgrendene, ei kube her, og to-tre der. Når fruktbløminga er over, hentar dei kubene heim att.

– Datoen i september er viktig å hugsa for oss som held bier her inne i Hardanger, fortel nestleiar i Hardanger birøktarlag, Nina Herland.

Ho flytter biene sine frå Ytre Bu i Hardanger og ut på kysten i juli, for å få meir honning før biene går i dvale for vinteren. Når fruktbløminga er over, er det ikkje meir å henta i Hardanger, men ute på kysten blømer framleis røsslyngen, og nokre kilo lynghonning hjelper på økonomien. Men biene får ikkje koma heim att før 25. september.

Populær

Nina Herland er lærar i Eidfjord og har bikubar ståande på Ytre Bu, så vidt inne i Ullensvang. Slike jenter er populære blant fruktbøndene, men ho ville vore enda meir ettertrakta i ei sterkare fruktgrend.

– Her på Buplatået er det ikkje mange frukttre, men det er her eg bur, og biene har nok å gjera med bringebæra, naboane sine få frukttre og ville blomar av mange planteslag. Litt sverjing til nabogrendene blir det vel også, seier Herland.

Ho hentar honning frå kubene midt i juli. Deretter går turen til kysten.

Veik økonomi

– Du er heldig om du tener inn att investeringa i ei kube første sesongen, seier Herland, og røper dermed at du må vera flink og satsa stort skal dette vera levebrød. Det er nok helst ein bijobb.

Sjølv gjekk ho i nybyrjarfella med å ha litt feilkonstruerte kuber, og forklarar på bi-teknisk vis. Det var for liten kapasitet over dronningfilteret i kuba. Dronningfilteret skal hindra dronninga å legga egga sine der det skal vera honning.

– Det vart mykje søl å separera honning frå larvar. Men sidan har eg lært å ha minst to kasser, med ti tavler kvar, over filteret, seier Herland.

Uinteressant

For fruktbøndene er det lite interessant å halda bier som bijobb. Det betyr enda meir arbeid på finvêrsdagane når det er meir enn nok av anna arbeid på ein fruktgard.

Den svake økonomien i honningproduksjonen for tida aukar ikkje interessa. Men dersom ingen andre vil driva med bier, blir kanskje fruktbonden tvinga til å gjera det. Det blir dårleg butikk å lita på at humler og andre insekter skal gjera bestøvingsarbeidet, seier Bjotveit.

ARNE HOFSETH
Arne Hofseth