Pastor Geir Morten Nilsen seier til Kystradioen at det var ei fantastisk samling der det var registrert 105 barn som fekk oppleva eit heilt spesielt opplegg.

Leiar i Bergen krins av Norsk Luthersk Misjonssamband, Oddvar Risøy, overrekte gåve til Tremorkirken og ønskte menigheten velkomen som medlem i organisasjonen.

Risøy opplevde den første samlinga positivt. Dette er første gong ein fri menighet på denne måten har meldt seg inn i Misjonssambandet. Tremorkirken er ein vidareutvikling av TremorNight som tidlegare har nytta Foldnes kyrkje.

Tremorkirken har sine samlingar på Danielsen ungdomsskule i Straume Idrettspark.