Kommunelege Tommy Norman bur seg no på å følgje Sløvåg-pasientane i fleire år.

— Det mest vanlege er at folk framleis ikkje har fått att smakssansen. Ein del slit også med at dei kjenner seg slappe og trøytte. Ein dag kan dei kjenne seg fulle av energi, neste dag er dei slitne. På desse dagane skal det også lite til før andre symptom kjem tilbake, som eksempelvis at dei blir kvalme eller ikkje får sove, seier Tommy Norman.

- Småsjuke heile tida

Familien Halsvik er næraste nabo til Vest Tank på Sløvåg, og blant dei som framleis opplever helseplager.

— Det er ikkje det at vi er direkte sjuke, men vi føler oss ofte dårlege. Det går mest i at vi er kvalme og føler oss uvel, langt oftare enn det som er normalt, seier Gjermund Halsvik.

Han fortel at det er andre i bygda som har fått mykje større verknader av den kraftige stanken som har lege over området. Men dei vil ikkje stå fram i media.

— Vi byrjar jo å lure når vi går småsjuk heile tida, seier Halsvik.

Minst 22 sjuke

Berre i Gulen kontakta 22 innbyggjarar kommunelegekontoret med ulike plager. Såre auge og hals, kvalme, smaks- og luktesans som forsvann og søvnvanskar var vanlege symptom.

— I tillegg veit vi at mange andre har hatt plager, men ikkje søkt legehjelp, seier Norman.

Ei spørjeundersøking kommunelegen tok initiativ til i sommar, viste at svært mange hadde plager. Granskinga blei sendt til alle som jobba eller budde i nærleiken av eksplosjonsområdet for å kartleggje omfanget. Mellom dei som jobba i Sløvåg hadde tre av fire fått helseplager. I bygdelaga rundt hadde frå 60 til 70 prosent opplevd plager.

— Korleis vil du karakterisere helsetilstanden til dei 22 som har vore mest plaga og fått legebehandling i Gulen?

— I slutten av juli hadde dei framleis kring 80 prosent av symptoma att. No er dette ned i 20 prosent. Så det går rette vegen.

— Folk er urolege for at det som skjedde skal gje langtidsverknader?

— Eg får inderleg håpe det ikkje skjer. Vi må no følgje desse pasientane framover. Eg bur meg på at dei må følgjast over fleire år.

Saltsyre gav smellet

Tysdag la bergensselskapet CMR Gexcon fram sin rapport om ulukka. Dei meiner metoden Vest Tank brukte med å føre saltsyre inn i tankane, var årsaka til at det small. Metoden, som aldri tidlegare hadde blitt prøvd andre stader enn i laboratorium, gjorde at det blei frigitt brennbar gass. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) karakteriserer metoden som eit hasardiøst eksperiment.

Sjølv om den sannsynlege årsaka til eksplosjonen blei kjent denne veka, har ingen til dags dato vore i stand til å seie 100 prosent sikkert kva stoff som var i tankane. Anna enn at det var tiolar i stoffet. Tiolar er sett saman av svovel og hydrogen, og det er svovelen som har laga stanken.

KVALM: Gjermund Halsvik er framleis plaga av lukta i Sløvåg. Her med dottera Ida (9) og venninna Emelie Virkesdal (10) då stanken var på sitt verste i sommer. Familien bur berre ein kilometer unna Vest Tank sitt anlegg.
Bergens Tidende