Over tjue prosent av alle nordmenn har herpes på kjønnsorgana. Men berre åtti prosent av dei er klar over det sjølve — anten fordi dei ikkje har symptom, eller fordi dei forvekslar symptoma med andre ting.

For andre igjen er sjukdommen eit stort problem, både psykisk og fysisk. Sjølv om kjønnsherpes ikkje er farleg, kan viruset føre til smertefulle utbrot på kjønnsorgana.

— Korleis kan du merke at du har herpes?

— Dersom blemmer, sår og svie kjem tilbake gong på gong, på akkurat same stad. Førstegongsutbrot er spesielt smertefullt, pasienten kan få feber og føle seg ålment sjuk, og få problem med å late vatnet, seier seksjonsoverlege Turid Thune til BT.

— Sjukdommen kan dessutan vere eit stort problem for folk utan fast partnar. For dei kan det vere vanskeleg å etablere nye forhold, fordi dei er redde for å smitte andre.

Lege må kontaktast i utbrotsfasen.

— Berre då er det mogleg å påvise herpesviruset. Men det er hjelp å få i form av tablettar, seier Thune til BT.

Ifølgje Thune aukar førekomsten av kjønnsherpes sterkt i alle vestlege land. Kvart år blir det oppdaga ein million nye tilfelle i USA, og den totale auken i perioden 1978-1991 var på tretti prosent.