— Ein dag for nokre veker sidan gjekk alarmen sikkert ti gonger. Det har skjedd mange gonger den siste månaden, seier Aras Amin frå Irak.Han hadde kjærasten Stine Aakvik på besøk. Det var ho som først skjønte at noko var gale.- Eg vakna av at det var bråk i huset. Plutseleg var det nokon som sparka hardt i døra, fortel Aakvik, som er hundre prosent sikker på at alarmklokkene var tause.Dei sprang begge ut frå husværet, som ligg i første etasje, og ut på gata då dei forsto kva som pågjekk. Aakvik meiner alarmsystemet må ha vore utkopla. - Det er ille at alarmen går stadig vekk, berre ikkje når det faktisk brenn, seier Aakvik.Heller ikkje Ali Ashgar Nasab, som budde i andre etasje, høyrde nokon alarm natt til tysdag.- Eg og kjærasten min vart varsla av banking og roping, seier Nasab.

INGEN ALARMKLOKKER: - Eg vakna av at det var bråk i huset, seier Stine Aakvik, om var på besøk hos kjærasten Aras Armin då det tok fyr. Ingen av dei høyrde alarmklokker. FOTO: Eirik Brekke