ØRJAN HATTEBERG

94 prosent av dei søkjarane som har rett til vidaregåande opplæring får sitt topprioriterte ønsket oppfylt. Det er klart etter at første opptaksrunde er gjennomført. Meldingane blei sendt ut frå Oslo i går. Elevane kan dermed venta svar i dag, om posten kjem fram som den skal.

Det var totalt 4859 søkjarar, ein beskjeden auke på 22 frå i fjor. Vel 4500 av dei får no melding om at dei er tatt inn til skule eller bedrift. I alt har 421 søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring søkt skuleplass. Om lag 57 prosent av desse har fått tilbod. 248 søkjarar med rett til vidaregåande opplæring har ikkje fått tilbod.

— For dei som ikkje har fått tilbod vil det skje mykje fram til andre inntak. Vi skal finna eit tilbod til alle. Men vi er rimeleg godt fornøgd, det er ein høg prosent som har fått første ønskje oppfylt, fortel inntakssjef Bekka Skaasheim.

Dei mest populære grunnkursa er media og kommunikasjon, som berre fins ved tre skular i fylket. Her er det flest på venteliste, men óg musikk, dans og drama, formgjevingsfag og hotell- og næringsmiddelfag har mange på venteliste.

Talet på søkjarar til allmennfag har gått ned dei siste åra, og denne trenden held fram i år. Stadig fleire elevar vel heller meir yrkesretta studielinjer.

Dei største vanskane med å skaffa lærlingplass er innan IKT driftsfag, data- og kontortekniske system, lette køyretøy og tømrar. Det er derimot god tilgong innanfor industrirøyrleggjar, metallurgiske prosessfag, platearbeidar, sveisar og omsorgsfag.

Etter det første opptaket står det 300 skuleplassar ledig i Sogn og Fjordane. Dei fleste av desse er VK I- og VK II-kurs innan studieretningane allmenne-, økonomiske og administrative fag, idrettsfag, naturbruk og helse- og sosialfag.

— Ein del av desse plassane vil bli ståande ledig. Vi må akseptera at vi har dårlegare kapasitetsutnytting på VK I og VK II, enn på grunnkurs. Innan allmennfag vil det bli vanskeleg å fylla opp. Klassetalet er vedteke, og klassane vil gå som planlagt. Det blir eit mindre elevtal i klassane, men dette er truleg positivt for elevane. Det blir ikkje lagt ned klassar slik det ser ut no. Men vi må sjølvsagt vurdera eventuelle justeringar etter andre opptak, fortel Skaasheim.

Sogn og Fjordane har kjøpt skuleplass til 55 søkjarar i andre fylke. Dette gjeld tilbod som fylket ikkje har sjølv.

Svarfristen for elevane er 22. juli, medan nytt inntak vil vera klart 7. august.