— I fjella rundt Engadin (St. Moritz) har 24 av 54 små brear vorte borte. Ved Simplon er 10 av 31 brear borte, skriv breforskar Atle Nesje i ein artikkel i bladet Geo.

Også Alpane har hatt si istid i nyare tid, rundt 1850, då breane nådde langt fram i dalane. Men sidan den gongen brearealet i Alpane minka med 40 prosent, og volumet med 50 prosent.

Ein av dei mest kjende breane i Sveits er Rhône-breen, som ligg ved kjelda til elva Rhône. Denne breen er lett tilgjengeleg med gode bilvegar over Furkapasset og Grimselpasset og opp Rhônedalen. Men frå dalen er det berre så vidt bretunga er synleg over fjellkanten ca. 2200 meter over havet.

På 1930-talet nådde breen heilt ned inst i dalbotnen, og midt på 1800-talet var storparten av dalføret fylt opp av is.

I Geo nemner og Atle Nesje at talet på brear i Spania har gått sterkt attende, frå 27 i 1980 til 13 i 2001. Også i Kaukasus er det mykje smelting, og på toppen av Kilimanjaro, høgste fjellet i Afrika, har brearealet minka med 82 prosent sidan 1912.