ERLEND SPURKELAND

Det er ei manet som er meir talrik her enn nokon annan stad på kloden.

Den har eksistert på jorda i 600 millionar år. Men til Lurefjorden kom den først tidleg på 70-talet. Kvifor veit ingen. På verdsbasis er den svært sjeldan. Eit par timars tråltrekk i Atlanterhavet gjev kanskje eir par-tre eksemplar. Men i denne nordhordlandsfjorden er trålposen sprengfull etter halvtimen. Eit eldorado for manetforskarar. Som denne veka nok ein gong er på plass og jaktar på årsaka til den lokale maneteksplosjonen.

Populær

Med «Universitas Bergensis» på skorsteinen ligg havforskingsskipet «Håkon Mosby» standby der fjorden er djupast. Halden nøyaktig på plass av autopilot og GPS 446 m over havbotnen. Like utanfor stovedøra til Lyngheisenteret på Lygra i Lindås. Om bord på dette manet-toktet er tyske, japanske, svenske, finske, amerikanske og norske forskarar. Alle med si spesielle vinkling på manetspørsmålet.

Ein undervannsbåt filmar maneten nede i havet. Eit tysk filmteam frå ARD er om bord og lagar program om det som skjer her ute. Eit anna team har nett gått i land. Dei produserer for tysk barne-tv. Manetforsking er i skuddet. Kameramannen skuar ut over landskapet; haustgrått og nake, med byger ute i vest. Påstår at det liknar Ildlandet i Sør-Amerika.

Sjølvlysande

Eit parti periphylla er nett vinsja om bord. Professorar, stipendiatar og assistentar strøymer til. Det vert prata ivrig på forskjellige språk. Den rakettforma maneten blir individuelt målt, vege, dissekert, mosa og putta i merka posar for vidare bearbeiding i laboratorium.

Amerikanaren Marsh Youngbluth er med på sitt tiande tokt til Lurefjorden. Han jobbar for eit privat forskingsinstitutt, legg ut bilde og resultat frå toktet på internett dagleg. Første åra var han oppteken av bioluminescensen, den sjølvlysande effekten, til periphylla'en. At den kanskje kunne brukast medisinsk i kreftpåvising som alternativ til stråling. Meir useriøse forskarar fantaserte om å bruka den som sjølvlysande vatn i leiketøyindustrien!

Indikator

I dag jobbar forskarane mest med å finna årsakene til at periphylla kom hit, og kva innverknader det får når ein art vert så totalt dominerande. Om den kanskje vert så talrik at den utryddar seg sjølv. Den tidlegare snittvekta på 700 g er no gått ned til 400 g.

For vitskapsfolka er Lurefjorden eit globalt prøvelaboratorium, eit scenario på kva som skjer når balansen mellom artane i eit system vert forrykka. Sjølv etter ti års forsking på manetfelta i Nordhordland er spørsmåla enno langt fleire enn svara.

Men det er mange som ynskjer å finna svara. Så om eit halvt år er «Håkon Mosby» atter ein gong tilbake på manetmarkene i Lurefjorden med nye internasjonale forskarteam om bord.

PERIPHYLLA PERIPHYLLA: Denne maneten har eksistert på jorda i 600 millionar år. Nokre minutts tråltrekk gjev fangst på fleire tusen eksemplar. I tank eller akvarium overlever den ikkje.<br/>Foto: ERLEND SPURKELAND