«Alle mann til pumpene». Det er det nye mantraet ved Helse Bergen. I helseføretaket sitt verst tenkjelege scenario om svineinfluensaen, kan 25 prosent av dei tilsette vere borte frå jobb med influensasjukdom – samtidig.

Då må andre trø til. Vikarar, studentar, pensjonistar og folk i permisjon kan bli kalla inn.

Lege Ingvild Brunborg Morton er for tida i morspermisjon med vesle Tarjei.

– Det er klart at om det oppstår ein situasjon der det er fare for liv og helse, så må alle trå til. Men det er jo ein stor inngripen i den enkelte arbeidstakar sitt liv, seier Brunborg Morton.

– Drastisk tiltak

Ho er ikkje overbegeistra ved tanken på at ho kan bli nøydd til å ta ein pause i sin permisjon for å jobbe i ein periode.

– Først og fremst må ein bruke frivilligheit for å få dette til. Ein så drastisk ting som å avbryte ein permisjon, må bare brukast i heilt ekstreme situasjonar, seier Ingvild Brunborg Morton.

– Du meiner det er drastisk å avbryte permisjonen?

– Ja, det meiner eg, men det er klart eg vil gjere det om det er behov for det, seier Brunborg Morton, som er lege ved Psykisk helsevern for barn og unge.

Ho skal ikkje begynne i jobb igjen før i januar, og håpar at tida saman med vesle Tarjei skal gå utan avbrot. Legen reknar med at leiinga ved Helse Bergen vurderer nøye kven dei vel å kalle inn først.

– Det finst andre typar permisjonar som er lettare å avbryte. Ein baby er ein baby i kort periode, og ein kan ikkje ta den tida igjen, seier Brunborg.

– Kven må passe Tarjei om du blir kalla inn på jobb igjen?

– Det har vi inga løysing på akkurat no. Både faren og besteforeldra er i jobb, så det veit eg ikkje, seier ho.

Tillitsvalgte positive

Dei tillitsvalde ved Helse Bergen håpar det ikkje skal bli nødvendig å kalle inn folk som er ute i permisjonar. God planlegging og frivilligheit kan bidra til det, trur dei.

– Litt omorganisering av drifta, at folk tek ekstravakter når kollegaer blir sjuke og kanskje forskyving av oppgåver. Ein må først prøve å bruke dei som er i arbeid, seier føretakstillitsvald Johan Torgersen i Yngre legers foreining.

Brita Tarberg, tillitsvalt for sjukepleiarane, håpar å unngå at folk i svangerskapspermisjonar blir bedne om å komme inn på jobb.

– Det er jo ein lovfesta permisjon. Det beste er å spørje folk som kan få til ordningar utan at dei taper noko på det, seier Tarberg.

Ber om hjelp frå Hanssen

Både Torgersen og Tarberg understrekar at det er stor vilje blant dei tilsette til å gjere ein ekstra innsats i samband med pandemien.

– Lov og avtaleverk må bli følgt. Det er heimel i lova for å bruke ekstravakter og overtid i ein ekstrem situasjon. Må ein utvide grensene, må det gjerast etter avtale med dei tillitsvalde, seier Tarberg.

Johan Torgersen har ein appell til statsråd Bjarne Håkon Hanssen:

– Eg håpar at eigarane våre tar ansvar, og dekkjer kostnadene til pandemien. Det blir ein veldig vanskeleg situasjon om vi alle gjer ein ekstra innsats som fører til at foretaket går med underskot. Då fører det til at vi må springe enda fortare til neste år, og då vil ein drepe dugnadsviljen. Det er veldig viktig at staten dekkje desse kostnadene, seier Torgersen.