I framlegget til nytt arbeidsprogram står innvandring og mangfald øvst på lista over politiske prioriteringar.

– For fyrste gong vert dette emnet hovudprioritet i ein målorganisasjon, og det er på høg tid. På endå eit felt ser me at bokmålet demonstrerer sin posisjon som maktspråk, og det må me gjera noko med, seier NMU-leiar Jens Kihl.

Tek attval

Han stiller til attval. Maria Svendsen frå Oslo er kandidat som politisk nestleiar, medan Ulrikke Sægrov frå Stavanger i Rogaland stiller til attval som organisatorisk nestleiar. Janne-Kristin Nygård frå Jølster i Sogn og Fjordane er innstilt som ny dagleg leiar.

– Organisasjonen kan sjå attende på eit godt år, med tusenvis av elevar i læremiddelstreik, historisk sidemålssiger i Oslo bystyre, og medlemsvokster, seier Jens Kihl.

Pådrivar

Kihl har godhug for landsmøtetalaren.

– Fornyings— og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) har frå fyrste dag i regjering har markert seg som ein viktig pådrivar for nynorsken. Ho kan syna til fleire konkrete resultat, til dømes at innbyggjarportalen miside.no kom på nynorsk, seier NMU-leiaren.

TALAR: Statsråd Heidi Grande Røys er landsmøtetalar på landsmøtet på Voss til helga. ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND