OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordMållagsleiar Øystein Skjæveland takka ekteparet frå Alversund for det dei har gjort for bygdekulturen, for nynorsken og for sjølvrespekten til vestlendingar og bygdefolk i heile Noreg.Skjæveland gav Vestlandsduoen honnør for deira evne til å få folk til å le, og meiner at dei har vore med på å forma medvitet for mange om kva det vil seia å vera vestlending. Deretter overrekte han paret eit grafisk trykk av Stord-kunstnaren Magne Kjellesvik.Både Ivar og Kari Medaas kvitterte med takk, og oslojenta Kari poengterte at ho er halvt vestlending med sitt faderlege opphav frå Nordfjord.

Lindås-paret Kari og Ivar Medaas har vore med på å forma vestlendingens medvit om kven han er, hevdar juyren for Målprisen 2000 i regi av Hordaland Mållag.