Skigutane AS på Voss vart i går tildelt Hordaland Mållag sin målpris.

Bula— og Kari Traa-konsernet med hovudkontor på Voss og avdelingskontor i Oslo og diverse storbyar i Asia, har vakse fortare enn mållaget har fått med seg.

Men så har ikkje Skigutane hatt tid til å halda tritt med utviklinga på internettsidene sine, vedgjekk økonomisjef Geir Underhaug (biletet) som fekk prisen overrekt av leiaren i Hordaland Mållag, Einar Ådland.

Underhaug understreka at konsernet tener meir pengar på å bruka nynorsk i marknadsføringa. Det gir truverd til ankerfestet på Voss, og bodskapen bli lagt meir merke til.

Nynorsk i næringsliv og reklame vart eit hovudtema på dette fylkesårsmøtet. Under seminaret laurdag vart mange døme på vellykka marknadsføring lagt fram, som Lerum og Brimi.

Ådland er nøgd med nynorsken si stilling i skuleverket og offentleg forvaltning over det meste av Hordaland, men uroa over utviklinga i og rundt Bergen.

– Bergensarar som flyttar ut av bykjernen er intolerante overfor lokalt språk og tradisjon i området dei flyttar til. Dei krev at det nye nabolaget skal tilpassa seg dei, og ikkje omvendt, seier leiaren i Hordaland Mållag, slett ikkje glad over stadig fleire bokmålsklassar i bydelar som Arna og Åsane, og i grannekommunane.

Økonomisjef Geir Underhaug tek mot Hordaland Mållag si målpris på vegna av Skigutane AS på Voss. Eit bilete av den særmerkte steinen Timeglaset på Gråsida, overrekt av mållagsleiar Einar Ådland. Foto: Arne Hofseth