Laga hadde overtaket i kvar sin omgang, og heimemålvakt Ann-Kristin Gustad får mest ære for at Larvik ikkje scora før pause.

Dette er andre mållause heimekampen for vossajentene denne sesongen. Ute har dei tapt 0-1 og 0-2. Laget har med andre ord ikkje greidd å pirka inn eit einaste mål i løpet av dei fire første kampane, men har to poeng og målsifra 0-3.