• Eg ristar på hovudet over nynorskfritaket som Utdanningsdirektoratet har gjeve til sju vidaregåande skular i Oslo, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Otto Brunstad, til BT.

FINN BJØRN TØNDER

Han seier at Utdanningsdirektoratet sår tvil om det faglege grunnlaget sitt når det no strør sand på fritakssøknaden frå Oslo.

— Utdanningsminister Kristin Clemet sa i Stortinget i fjor at skular ikkje kan få unntak frå noko ein synest er overflødig, men ein kan gjera forsøk for å få til betre utvikling i faget. Fritak frå sidemålsopplæring står i kontrast til desse retningslinjene, seier Endre Brunstad til BT.

— Ein får ganske enkelt mindre kunnskap i norsk av ikkje å lære båe dei to norske skriftspråka, fastslår Brunstad.

- Påfallande

Brunstad meiner at det nyoppretta Utdanningsdirektoratet vanskeleg kan ha fått med seg at det no er på gang fagleg baserte sidemålsforsøk, slik vi har sett det ved Holmlia skole i Oslo. Han meiner òg det er påfallande at direktoratet ikkje har teke omsyn til at det i 2005 skal opprettast eit kompetansesenter for nynorskopplæring.

Brunstad seier til BT at Noregs Mållag tykkjer det er synd at Utdanningsdirektoratet gjennom sidemålsfritaket markerer seg på ein så negativ måte.

— Det er læringspolitisk og kulturpolitisk alvorleg å gå inn for eit fritak frå eit av dei to skriftspråka våre. Det utgjer eit trugsmål mot jamstellinga mellom nynorsk og bokmål, og den verdien båe skriftspråka representerer, seier Endre Otto Brunstad.

Er positiv

Han legg til at mållaget stiller seg positiv til forsøk som har som mål å styrkje sidemålsopplæringa, og har sjølv teke initiativ til fleire slike forsøk, til dømes ved Holmlia skole i Oslo.

— No ser eg fram til resultat frå dei forsøka som no vert sett i gang mellom anna ved Høgskulen i Volda. I så måte vil vedtaket i Utdanningsdirektoratet framstå som ein pinleg parentes i norsk utdanningshistorie, seier han.

Han trur ikkje nynorskfritaket i Oslo er første steg i retning av at norsk sidemål blir borte.