Hallvard Kolltveit, Olav Skjeldal og Håkon Seim scora kvar sitt mål for heimelaget før pause.

I andre omgang vart Seim og Skjeldal tomålsscorarar. Håkon Seim endra retning på eit skot frå Bjarte Bergstrøm og Olav Skjeldal fekk prøva seg frå straffemerket. Deretter sette Eirik Een nådelaust inn det sjette målet på ein av Voss sine mange sjansar.

Triovingane makta ikkje å låsa opp Vossaforsvaret så dei kunne redusera dei stygge siffera.

ARNE HOFSETH
ARNE HOFSETH