• I dette området ved Østerbø i Aurlandsdalen går fleire skredløp ned mot fylkesveg 50 Aurland-Hol. Sensorane i denne masta skal varsle om snøtemperatur og -djupne kvar vinter til 2015. FOTO: Julie Engelien Bjørlien

Målingar av snøtemperatur skal varsle rasfare

Sensorar som følgjer utviklinga i temperatur og snømengde kan i framtida varsle snøskredfare. Master med følarar som registrerer snøtemperaturen er sett opp ved kjende raspunkt på Vikafjellet, Tyin og i Aurlandsdalen.