Utstillinga vart opna med svingande jazzmusikk på tunet; John Taylor, Håvard Havro Bjørnstad, Tarjai Kjærland Lienig og Børge Styve gav oss som var der ei fantastisk oppleving.

Voss Kunstlag er svært glade for å kunne vise Erik Joung sine måleri på Voss, og at me får låne Bergslihuset til denne utstillinga. Huset ligg idyllisk til ved Tintrabrue i Prestegardsmoen, og det er fyrste gong samtidskunst blir vist der. Me synest dei gamle romma gjev måleria til Erik Joung ei vakker ramme.

Erik Joung er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi i Bergen. Han er også ein av dei som grunnla KIB – kunstskulen i Bergen. I 11 år har han vore rektor der, og har betydd svært mykje både for skulen og elevane som har gått der. Elles har han både lokalt og nasjonalt vore til stades med utstillingar og utsmykkingar. Dei 3 siste åra har han fått staten sitt arbeidsstipend, og hatt permisjon frå rektorjobben. I denne tida har han utforska måleriet, og resultatet kan me sjå i Bergslihuset i desse dagar. Om arbeida sine seier han bl. a:

”Virkemiddelmessig sett prøver jeg også å kombinere motsetninger. Jeg jobber utførelsesmessig veldig likt slik klassiske kunstnere bygget opp bildeflaten (fargebyggingsmetodene) sam-tidig som jeg bevarer digitale trekk i det endelige resultatet.

Jeg benytter sprøytemaling som påføringsmetode og i og med at jeg stort sett kun bruker rene prosessfarger er det en form for "hyperpointilisme" (fargene oppstår optisk ved at grønn blir til ved en optisk sammensmeltning av gule og blå prikker).

Ved å benytte "sprøytepensel" oppstår det, i tillegg til referanser til klassisk maleri, assosiative potensialer bl.a. til fotovirkemiddelet og til "street-art"-området.”

Utstillinga er open kvar dag kl 14.00 – 19.00, siste dag sundag 29. juni, til kl 17.00.

Velkomen til måleriutstilling i Berglihuset!

Les mer her:

Voss kunstlag

Erik Joung

Glimt frå utstillinga i Bergslihuset.
Åshild Haugsbø
Erik Joungs maleri.
Åshild Haugsbø
Frå utstillingsopninga på Bergslitræet.
Åshild Haugsbø
Håvard Havro Bjørnstad, Tarjai Kjærland Lienig, John Taylor og Børge Styve.
Åshild Haugsbø