Det var KrF som fekk æra, då Komite for miljø og utvikling torsdag kveld diskuterte Storetveitåsen-saka. «Komite for miljø og utvilkling understreker at byrådet ikke har gått ut over sine fullmakter i denne saken», stod det i forslaget som KrFs gruppeleiar Kristian Helland fremja.

Det fekk støtte av KrF, Høgre, Frp og Pensjonistpartiet, og er dermed sikra fleirtal når saka kjem opp i bystyret 23. april.

— Braut bystyrevedtak

Bystyret vedtok i 1997 å regulere Storetveitåsen som friområde, noko som innebar at grunneigarane anten måtte bli samd med kommunen om ein pris eller få området ekspropriert.

Dei vart ikkje samd om ein pris, og våren 2003 gav byrådet kommuneadvokaten ordre om å byrje eksproprieringa. Etter gjeldande rett ville det gjev storkonsernet Lindstow berre 350.000 kroner for det sentrumsnære området.

Etter valet i 2003 gav byrådsleiar Monica Mæland kommuneadvokaten munnleg orde om å stoppe eksproprieringa. Kommunerevisjonen meiner Mæland dermed braut med intensjonen i bystyrevedtaket.

- Einevelde

— Argumentasjonen til Helland heng ikkje på greip, seier SVs gruppeleiar Oddny Miljeteig.

Saman med RV og Ap står dei på vedtaket i Kontrollkomiteen, som støttar Kommunerevisjonen. I kontrollkomiteen stod òg KrF på denne linja, men den er no altså endra.

— Eg vil seie det så sterkt at eg trur Kristian Helland veit betre, og at dette berre er ein bergingsmanøver for det byrådet KrF sjølv er med i. For det går ikkje an å kome unna at byrådsleiaren har handla på tvers av alle vedtak og utan fullmakter. Vi har ikkje einevelde i Bergen, seier Miljeteig.

Klart for Lindstow

Saka blir endeleg avgjort i bystyret 23. april. Der vil dei raudgrøne opposisjonspartia foreslå at byrådet set i gang ekspropriasjonen igjen. Det hastar, fordi det til hausten er 10 år sidan reguleringsplanen vart vedteke. Innan den tid må kommunen ha innløyst eller ekspropriert åsen.

Byrådet ønskjer at grunneigarane, det nasjonale storkonsernet Lindstow, kjem med ein ny reguleringsplan der dei får byggje ut delar av åsen.