Styremøtet 14. september var nesten over. Utanfor Museplass 1 varma sola Bergen opp til ny månadsrekord. På styrerommet i første etasje stod berre ei sak att: «Universitetsdirektørens arbeidsoppgåver». Direktør Kåre Rommetveit sjølv var sendt på gangen.

Det var tredje gongen på eitt år styret diskuterte kva direktøren skulle gjere. Det er eit høgst uvanleg tema i det øvste organ på Universitetet i Bergen (UiB), ifølgje ei rekkje sentralt plasserte kjelder BT har tala med.

Ingen i styret ønskjer å seie kva diskusjonane har gått i. Men to veker etter styremøtet offentleggjorde universitetsdirektør Kåre Rommetveit at han går av.

Sjølv om ingen av partane vil stadfeste det offentleg, er det liten tvil om at det har det vore ein stille maktkamp i toppleiinga av Universitetet i Bergen det siste året.

Kampen har stått mellom ein nyvald rektor med maktambisjonar, og ein universitetsdirektør med vide fullmakter.

Frå sidelinja har sentrale næringslivsfolk i Bergen sett striden med aukande uro: Sigmund Grønmo vann rektorvalet i fjor, på eit program med klar brodd mot marknadsorienteringa han meiner forskinga på UiB har fått. Han fekk massiv støtte frå forskarane og professorane på UiB.

Direktør Kåre Rommetveit på si side har, som sin forgjengar Magne Lerheim, vore arkitekten og pådrivaren for akkurat denne marknadsorienteringa.

Når striden enda med at Rommetveit, for to veker sidan, varsla at han trekkjer seg etter 17 år i stillinga, vart det difor ille motteke i næringslivet.

— Eg er veldig klar på at det er eit stort tap for UiB den konflikten som no synest å eksistere. Og eg er ikkje overtydd om at det særleg klokt det som skjer, seier Egil Herman Sjursen.

Han sit sentralt i møtet mellom forsking og næringsliv, som styreleiar for ein av dei store pengebingane som skal fø fram nye, forskingsbaserte bedrifter: Sarsia Life Science Fund.

— Trur du konflikten vil få følgjer for samarbeidet mellom Universitetet og næringslivet?

— Det står att å sjå. Men det ligg ei stor oppgåve på rektoratet å dokumentere at så ikkje er tilfelle, seier Sjursen.

Ein annan ringrev i Bergens næringsliv som er uroa, er styregrossist og høgsterettsadvokat Jan Einar Greve:

— Tatt i betraktning det betydelege framsteget i arbeidet med frå-forsking-til-faktura i vår region, som er heilt avhengig av eit ope og samarbeidsvillig universitet, så uttrykkjer eg ei klar bekymring viss Kåre Rommetveit sin avgang er eit signal om at det skal bli endring i den haldninga.

I tillegg til å sitje i ei rekkje bedriftsstyrer, mellom anna som styreleiar i BT, er Greve styreleiar i Sarsia Innovation. Her møter han Kåre Rommetveit, som representerer Universitetet.

Forskingsdirektør Jens Hagen i Norsk Hydro, som har eit breitt samarbeid med UiB, er meir forsiktig når vi spør om han fryktar Universitetet no vil bli meir lukka:

— Det er umogleg å seie. Vi får vente og sjå.

Herman Friele, ordførar og næringslivsmann, har òg engasjert seg i saka.Som mange andre trur han at Rommetveits avgang botnar i ein konflikt om retninga på UiB.

— Du har ei ny leiing som kan velge ein meir reindyrka akademisk veg. Fair det, men eg er veldig tvilande til om det gagnar akademia og det universitetet skal vere i mi verd: Når dei utdanner forskarar må målet også vere praktisk nytteverdi av forskinga. Ikkje forsking for forskingas eigen del, men for å gje verdiskaping og dermed skape fleire arbeidsplassar. Det er det viktigaste. Kva er vitsen elles?

Rektor Sigmund Grønmo er overraska over reaksjonane frå næringslivet. Han seier dei ikkje treng å frykte at Universitetet no blir mindre lydhør for behova til næringslivet.

— Overhovud ikkje. Direktørskiftet betyr ingenting i denne samanhengen, seier han.

For enkelte kan det kanskje høyrest litt ulogisk ut. For Grønmo er blitt vald på eit program som seier at oppdragsforskinga - den som mellom anna blir finansiert av næringslivet - skal samordnast med forskingsstrategiane til Universitetet elles.

I praksis betyr det at universitetsstyret må ta kontrollen over UiB sitt selskap for oppdragsforsking, Unifob. Ei rekkje sentralt plasserte kjelder på Universitetet meiner det nettopp er her kampen mellom Grønmo og Rommetveit har stått: Til no har direktøren styrt denne butikken sjølv, mellom anna ved at han har representert Universitetet på Unifobs generalforsamling. Han har vald styret, og så orientert rektor. Det er det nok slutt på no.

Når fagmiljøa skal styre meir og ein næringsvenleg direktør mindre, skulle ein altså tru at næringslivet får mindre gehør for sine ønskje. Men det meiner ikkje rektor Grønmo.

— Eg ser ikkje det som ei motsetning at Universitetet styrkar si grunnforsking og at vi samstundes vidareutviklar og styrkar samarbeidsrelasjonane til næringslivet. Det som gjer Universitetet særs attraktivt som samarbeidspartnar i næringslivet, er nettopp den faglege uavhengigheita og vektlegging av grunnleggjande kunnskapsutvikling, seier han.

Rommetveit sjølv vil ikkje spekulere i kva kursen blir framover, og viser til rektor Sigmund Grønmo.

Næringslivets fremste representant i UiB-styret, tidlegare høgrestatsråd Arne Skauge forstår at næringslivsfolk kan vere uroa.

— Vi må nok gå ein liten runde og orientere aktørane om at Universitetets policy overfor Bergen ikkje endrar seg på grunn av dette, seier han.