Ap, SV og KrF forhandlar no om samarbeid i sognekommunen. Saman har dei tre partia fleirtal i kommunestyret.

– Same korleis det går med desse forhandlingane får nok Ap ordføraren, seier KrFs Helge Torstad.

Sp gjorde eit svært dårleg val i Sogndal, og blei nesten halvert. Ordførar Karen Marie Hjelmesæter takkar dermed for seg etter fire år.

Ap gjekk klart fram og er med 38,2 prosent klart største partiet. Frp blei nest størst med 19,6 prosent.