Tore Atle Sørheim fann sauene sine drepne laurdag morgon.Sauebonden såg buskapen sin sist seint onsdag kveld.

– Det var først då folk ifrå eldresenteret på Knutsaåsen ringde, på fredag, eg forstod at noko var gale, fortel han til Sunnhordland.

To av sauene hans hadde nemleg komme seg opp til gamleheimen, frå beiteområde ned mot Ådlandsvatnet, på Stord.

– Men eg mangla framleis to, held Sørheim fram.

Makabert

Etter resultatlaus leiting resten av fredagen, fann Sørheim dei to andre sauene nede ved Ådlandsvatnet i seks-tida, laurdag morgon.

Drepne, og med tydelege bitemerke.

– Det var eit grufullt syn. Heilt tragisk, seier sauebonden.

Sørheim trur det er laushundar som har jaga og teke livet av dei stakkars dyra.

– Ein ting er at eg har mista to av sauene mine, men tenk på dei stakkars dyra. Eg håpar berre hundane drap dei kjapt, og at dei ikkje blei pint.

Jaga

Sauekadavera fann han nærare to hundre meter frå dei inngjerda beiteområda sine. Dei to andre sauene, som blei funne ved Knutsaåsen, har sprunge minst ein kilometer.

– I tillegg har dei iallfall kryssa europavegen (E39, journ. anm.) ein gong, understrekar Sørheim.

Sørheim er usikker på om det er noko vits i å anmelda saka, han ynskjer i staden tips ifrå publikum.

– Det er bandtvang i området. Om nokon har sett lause hundar må dei seia ifrå. Det er ufatteleg at folk let slikt skje, sukkar Sørheim.

Frakta i båt

Først i går kveld fekk Sørheim flytta kadavera.

Dei tunge sauekroppane måtte fraktast i båt over Ådlandsvatnet, for så å bli henta med traktor på andre sida.

– Det er ikkje noko kjekt å gjera dette med daude sauekroppar, understrekar Sørheim.